No er me i gang med siste semester, og sjølvsagt òg ny programvare.
CAMm1 Gjer oss innføring i Inventor, eit 3D-program eg vart veldig glad i med ein gang. Det gjer meg modelleringsmuligheter (og -friheter) som eg ikkje fann i AutoCAD, det er rett og slett lettare å modellere i.
Oppgåva i denne første modulen var å modelere ei espressokanne ut frå ei visningsfil me kunne målsetje:
Eg starta med underdelen:
Sjølve kanna vart det litt styr med, tuten streva eg mykje med å få til rett - før eg gav og og såg på "fasiten" som var lagt ved oppgåva. Eg fekk iallefall prøvd meg på å setje Workface i mange ulike retningar.
Handtaket var ei utfordring med det at målsetjingsfunksjonen i Design Review ofte lever sitt eige liv. Det er ikkje alltid like lett å få tak i dei punkta ein vil målsetje frå, og om ein endeleg gjer det viser den ei heilt anna måleretning enn du håpa på. Etter litt knot fekk eg no til slutt dei måla eg følte eg trengte for å modellere den til å sjå lik ut.
Dekselet og "knotten" til dekselet gjekk fort å lage.
Så var det samanstillinga. Her skal alt setjast fully constrained slik at dei ikkje kan flyttast rundtom. Det var enkelt med alle delane utanom mutrene og skivene.
Eg likte godt å jobbe i Inventor. Det er eklare å bruke enn 3D-funksjonen i Autocad, og det gjer nok mange fleire mogelegheter òg.


























