Her skulle me fortsetje på huset me byrja på i CAVm1, legge til meir material og terreng før redering.
Entourage skulle leggast på på to måtar; i Photoshop på det første renderbilete og i 3ds Max.
Jobben fram mot første renderbilde gjekk for så vidt greit. Eg fekk ikkje gress-materialet tydeleg på terrenget, samme kor mykje eg prøvde.
Huset har fått betong-material på ytterveggene. Flisene er frå eit bilde eg ordna tidleg i modulen.
Inn i AutoCAD for å lage splines til terreng.
Terreng laga og materialet tileigna, men det vil ikkje vise riktig.
Bitmapen på muren var litt meir samarbeidsvillig.
Eg ombestemte meg med fargen på huset og la til ein bitmap av betong som eg gjorde saumlaur heilt i byrjinga av modulen. Hellene på uteplassen har eg og henta derfrå.
Så flott det kunne blitt, hadde eg berre fått vekk lysa inne. Etter litt knoting og litt googling fann eg ut av det.
Fått opp daylight system og litt skuggar.
Renderbilde klar til å legge på entourage i Photoshop.
Renderbilde med entourage i Max. Lyset forsvann heilt når eg la inn bakrunnen,
Entourage i Photoshop
Renderbilde av innescenen frå forrige oppgåve.
Fiksa i Photoshop, litt varmare fargar.
Av dei to metodene å legge til entourage på må eg sei eg liker Photoshop best. Problemet var at sjølv om eg fulgte forklaringene til punkt og prikke ville ikkje Photoshop gjere som det skulle ved oppretting av alpha mask. Det førte til at bilda heller ikkje oppførte seg rett i 3ds Max. Cutout-metoden fungerte bedre, men først forsvann dei på renderbilete. Kva eg gjorde dagen etter for å få det til å fungere anar eg ikkje, men virka gjorde det.
Denne delen av oppgåva to fryktelig lang tid og fekk fram mykje frustrasjon.
Dei fleste materiala gjekk fint å legge inn, bortsett frå graset som bileta viser. Eg trur rett og slett terrenget vart for stort til å vise detaljene i "flisene" med bilder.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar