Sider

Søk i denne bloggen

onsdag 25. januar 2017

CADHP1 - Eksamen!

Så er første eksamen komme, det er på tide å vise kva me har lært i AutoCAD, 3ds Max og Photoshop.
Oppgåva går ut på å modellere ei messestand me har funne bilde av på nett, men me får ikkje velge den sjølv. Me skal velge ut tre forskjellige stands som me kunne tenke oss å modellere, gjerne med ulik vanskelighetsgrad, også skal lærarane bestemme kva for ei me skal lage til eksamen.

Eit google-søk på messestands gjer deg enormt mange resultat. Eit problem er at mange av bileta som kjem opp er av 3D-modellar og ikkje fysiske stands. Det var ikkje noko absolutt krav, men me skulle helst velge ut bilete og ikkje modellar.

Den første standen eg gjekk for var denne:


Det som fanga meg ved denne standen er nok bakgrunnen min i oljeservicebransjen. Det er ei stor messestand med mange element og detaljer som nok vil ta lang tid å lage. Møblementet og platået med trappa vil nok gå greit, men alle dei små elementa (som rigg-modellen i glassmonteret) vil nok bli ei utfordring. Lyssetjinga kan bli vanskeleg, det er mange element som vil få sjølvlysande eigenskaper, det er noko eg ikkje fekk til i leksjonsoppgåvene i CAVm1.

Stand nr to:


Dette er ei relativt enkel messestand. Det eg likte ved den var bruken av naturlege material. Her er jo ikkje så mange element å ta av, men eg trur likevel den vil gje litt utfordring. 

Siste forslag:


Denne standen valgte eg fordi eg liker dei rette linjene. Her er mange element som går igjen fleire gonger, så det vil gjere modelleringa relativt enkel, når ein stol er modellert er det berre å kopiere og plassere dei andre. Det som vil bli utfordringa er «persiennene» på enden, å få dei til å sjå riktige ut. Lyssetting vil nok òg ta mykje tid, spesielt å få til lyslista på golvet.

Ein arbeidsplan måtte òg utarbeidast.
Erfaring tilseier at det vil bli endring i planen, forskyving av nokre aktiviteter, men det er eit got utgangspunkt for å starte.


Då er det berre å vente på tilbakemelding om kva stand eg skal modellere.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar