Sider

Søk i denne bloggen

søndag 18. desember 2016

Oppgåve CAVm1

Me har bevega oss frå AutoCAD til 3ds Max som òg er eit Autodesk-program.

I denne oppgåva skulle me møblera og setje material og lys i stova i 1. etasje på eit ferdig modellert hus.

Eg begynte med å modellere sofaen i AutoCAD, for så å importere den til 3ds Max.
Ellers brukte eg nokre av møblane me har fått gjennom øvelsene og henta nokre frå nettet.

Stiligt hus.

Nokre møbler er komme inn.
Eg la inn lamper og plasserte lyskjelder i dei for å lyse opp rommet.
Litt fleire møblar og pyntegjenstander har eg henta frå internett.

Lys i vegglampene, men resten av rommet vart veldig mørkt.

Her har eg lagt til lys i alle lampene.
Eg plasserte ei lampe over flygelet òg for å få nok lys i rommet til animasjonen.
Eg sette opp nokre kamera for å rendre bilder, og eit walkthrough-kamera for å lage ei animasjon. Eg er enno ikkje ekspert på å få splinen som kameraet følger heilt jevn, så litt hakking vert det.Det tok alt for lang tid å rendre ein animasjon (over 50 timar for å unngå kornete bilder!), så i denn oppgåva nøya eg meg med previewen.

Eit par renderbilete frå ulike vinkler:


Rendertid 20 min

Rendertid 30 min



Ein liten videosnutt:




fredag 16. desember 2016

Oppdatering på studiet, og ny jobb!

Tida går fort når ein har det moro, og plutseleg har ein vore gjennom 7 modular. Blogging er ikkje noko som fell meg naturleg, så det har gått heilt i gløymeboka.
I mellomtida har eg òg fått meg ny jobb. Enno som teknisk teiknar, men no for JM Hansen Installasjon i Tromsø. Det er svært annleis å jobbe for byggebransjen enn oljebransjen, men veldig spanande. Eg har lært enormt mykje dei få månadane eg har jobba her, og vil lære enno meir i tida framover.

Det har vore veldig spennande å følga studiet, sjølv om PC-en sin kapasitet har vore kjelde til frustrasjon opp til fleire gonger.

Ein kjapp oppsummering på korleis det har gått så langt, og kva eg har gjort:

2D-biten gjekk (som forventa) veldig bra. Sjølv om eg ikkje har brukt AutoCAD sidan 2006 fann eg fort ut av ting. Og det reint teiknetekniske føler eg at eg har inne etter 10 år.
Det vart litt verre då me byrja med 3D-moddelering, dette òg i AutoCAD. PC-en som eg hadde brukt masse tid og pengar på å finne viste seg å ikkje heilt takle det så bra. No skal det seies at AutoCAD ikkje er eit optimalt 3D-program, så eg satsar på det var ein kombinasjon der.

Her er nokre oppgåver eg har jobba med sidan sist:


CADm3:



CADm4:


 CADm5 (Her har eg modellert det eg teikna i CADm3):

CADm6:
Her frista det veldig å teikne inn el-installasjon òg då det er det eg gjer i nye-jobben :)


No er eg på nest siste oppgåve i første semester (eller første år for oss som tek dette på deltid).
Me har bevega oss frå AutoCAD til 3Ds Max. I neste innlegg skal eg vise litt meir om det.