Sider

Søk i denne bloggen

søndag 18. desember 2016

Oppgåve CAVm1

Me har bevega oss frå AutoCAD til 3ds Max som òg er eit Autodesk-program.

I denne oppgåva skulle me møblera og setje material og lys i stova i 1. etasje på eit ferdig modellert hus.

Eg begynte med å modellere sofaen i AutoCAD, for så å importere den til 3ds Max.
Ellers brukte eg nokre av møblane me har fått gjennom øvelsene og henta nokre frå nettet.

Stiligt hus.

Nokre møbler er komme inn.
Eg la inn lamper og plasserte lyskjelder i dei for å lyse opp rommet.
Litt fleire møblar og pyntegjenstander har eg henta frå internett.

Lys i vegglampene, men resten av rommet vart veldig mørkt.

Her har eg lagt til lys i alle lampene.
Eg plasserte ei lampe over flygelet òg for å få nok lys i rommet til animasjonen.
Eg sette opp nokre kamera for å rendre bilder, og eit walkthrough-kamera for å lage ei animasjon. Eg er enno ikkje ekspert på å få splinen som kameraet følger heilt jevn, så litt hakking vert det.Det tok alt for lang tid å rendre ein animasjon (over 50 timar for å unngå kornete bilder!), så i denn oppgåva nøya eg meg med previewen.

Eit par renderbilete frå ulike vinkler:


Rendertid 20 min

Rendertid 30 min



Ein liten videosnutt:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar