Sider

Søk i denne bloggen

fredag 2. mars 2018

CADHP2 - Veke 8

Det er siste veke av eksamen, og den starta med at enno ein del gjenstod.
Eg hadde rendra ein del bilete, men var ikkje heilt nøgd med dei. Medan eg redigerte på dei som var OK rendra eg nokre nye.





Animasjonen eg rendra var eg heller ikkje nøgd med, så eg rendra likegodt ein ny av den òg. Eg satte antall frames og kvaliteten på renderingen litt ned slik at det ikkje skulle ta så lang tid. Då gjekk det unna på 26 timar!

I revit-fila var ikkje teikningane klare, så det måtte eg òg få ferdig.







Til slutt gjenstod evalueringa før innlevering.
Her er ein liten video eg har laga til:



mandag 26. februar 2018

CADHP2 - Veke 7

Eg brukte 3ds Max 2018 for å legge på material, men då eg skulle starte rendering oppdaga eg at den versjonen ikkje støtter mental ray. Eg prøvde å lagre filen som 2017-versjon, men mange av materiala var ikkje støtta. I tillegg til at eg hadde oppdaga nokre mangler på modellen, så eg valde å rette litt på den før eg importerte til 3ds Max 2017 og starta på nytt med material.

Då materiala var på plass (for andre gong) sette eg opp daylight-system og sette innstillingane for å rendre bilete. Med hjelp av leksjonene gjekk det mykje kjappare enn eg hadde trudd.
Men under renderingen støtte eg på litt problem; fleire av vindauga vart ikkje gjennomsiktige, så eg måtte tilegne materialet på nytt og rendre to gonger.
Her er jpeg-versjonen av nokre av dei rendra bileta:


Første render øverst

Første render øverst

Første render øverst
På grunn av ein planlagt straumstans i forbindelse med arbeid i blokka eg bur i måtte eg utsetje renderingen av animasjonen. Forhåpentligvis vil det vera nok tid til å få den ferdig.

mandag 19. februar 2018

CADHP2 - Veke 6

Eg merker at eg heng meg veldig opp i detaljer. Denne veka har eg brukt mykje tid på å få til detaljer i modellen for å vera heilt nøgd før import i 3DsMax.

Eg fann ut at utestova ikkje vart rett i forhold til himmelretningane, så eg gjorde litt om på forma før eg la til trapp og platt.


Laga trapp opp til utestova

Garasjen har fått påkjøringsrampe til parkering oppå:


Eg har òg modellert ein liten trapp på nordsida av huset


Muren ned mot vegen er på plass

Litt fleire detaljer som måtte på plass:



Til slutt sette eg inn litt utemøbler til visualiseringa.


Då eg fekk importert modellen i 3ds Max fekk eg ein del problem. Alle materiala som skal følge programmet var vekke. Eg prøvde å avinstallera og reinstallera uten resultat, og endte opp med å måtte avistnallera og fjerna alt av Autodesk-filer på maskina før eg installerte 3ds Max igjen. Då fekk eg endeleg med materialbiblioteket slik det skulle.
Eg starta med å bruke material som ligg i biblioteket før eg søkte litt på nett etter det eg mangla:




søndag 11. februar 2018

CADHP2 - Veke 5

Denne veka har vore veldig travel, og eg har ikkje fått jobba på langt nær så mykje som eg ville. No håpar eg at klargjeringa i 3DsMax skal gå smertefritt slik at eg kjem raskt i gang med render.

Eg har fortsett med endringane på huset, dører og vindu har blitt (nokonlune) slik dei skal vera:



Site er på plass:




Garasje og utestove er nesten klare:



Det gjenstår no berre små detaljar før eg er klar for import i 3DsMax.

søndag 4. februar 2018

CADHP2 - Veke 4

Etter litt meir arbeid med teikningane for original-huset fekk eg endeleg starta på modellen med endringar.
Eg ligg enno bak skjema, dette er i hovedsak på grunn av detaljarbeid eg ikkje hadde føresett.

Fasaden på kjellaren og alle vindauge og dører er endra:



Ny rominndeling i kjellaren.

I 1. etasje er nokre vegger fjerna, og trappa til inngangsdøra er endra til slik den er i dag.

Endring på rominndeling i 2. etasje òg. Her gjenstår enno arbeid med veggene og takvindauga.
Kjellerdøra må eg òg endre på.


Det er litt småting som gjenstår før eg er nøgd med modellen. Når den er klar begynner eg med site.

mandag 29. januar 2018

CADHP2 - Veke 3

Eg starta veka med å gjere ferdig modellen av huset.
Endeleg fann eg ut korleis eg skulle få til taket riktig; Roof by extrusion:


Laga cutout der utstikka er.


 Nokre av veggene let seg ikkje knytte til taket. Det løyste eg med Edit Profile:



Litt fleire detaljar er på plass.

Endeleg fekk eg til trappene òg:


Eg bestemte meg for å gjera litt om på planen og laga til teikningane som vil  vera lik på begge modellene før eg kopierer modellen for å lage endringene i kjellaren:



Denne veka fekk eg heller ikkje gjort like mykje som planlagt. Det å ta eksamen ved sidan av full jobb er mykje tyngre enn ein skulle tru, og dagane strekk rett og slett ikkje til.
Sidan eg snudde litt om på rekkefølga er det litt vanskeleg å sei nøyaktig korleis eg ligg an i forhold til plan og tid, men eg trur ikkje eg ligg så langt etter.

mandag 22. januar 2018

CADHP2 - Veke 2

Eg fekk ikkje godkjent planen min, så denne veka starta med å endre litt på den.
Eg skal lage to modellar i Revit, ein som viser bygget slik det var originalt, og ein som viser endringene i kjellaren. Det er den siste modellen eg skal bruke sammen med garasje og utestove for å visualisere.

Vidare har eg fått lagt til vegger i 1. og 2. etasje:



Dører og vindu har komme på plass:

Eg måtte endre litt på døra eg fann i biblioteket for å få den til å sjå rett ut. Her har eg lagt til sprosser.

Denne døra laga eg sjølv ut frå døra over..


Vindauga er henta frå biblioteket


Taket var litt tricky, men eg fekk det på plass til slutt:



På grunn av uforutsette hendingar har eg ikkje komme så langt som planen tilseier. Det gjenstår å få profilen på taket rett, og eg har ikkje fått på plass trappar innvendig.
Eg er likevel ikkje bekymra, eg vil nok hente meg inn att i løpet av veka.