Sider

Søk i denne bloggen

mandag 26. februar 2018

CADHP2 - Veke 7

Eg brukte 3ds Max 2018 for å legge på material, men då eg skulle starte rendering oppdaga eg at den versjonen ikkje støtter mental ray. Eg prøvde å lagre filen som 2017-versjon, men mange av materiala var ikkje støtta. I tillegg til at eg hadde oppdaga nokre mangler på modellen, så eg valde å rette litt på den før eg importerte til 3ds Max 2017 og starta på nytt med material.

Då materiala var på plass (for andre gong) sette eg opp daylight-system og sette innstillingane for å rendre bilete. Med hjelp av leksjonene gjekk det mykje kjappare enn eg hadde trudd.
Men under renderingen støtte eg på litt problem; fleire av vindauga vart ikkje gjennomsiktige, så eg måtte tilegne materialet på nytt og rendre to gonger.
Her er jpeg-versjonen av nokre av dei rendra bileta:


Første render øverst

Første render øverst

Første render øverst
På grunn av ein planlagt straumstans i forbindelse med arbeid i blokka eg bur i måtte eg utsetje renderingen av animasjonen. Forhåpentligvis vil det vera nok tid til å få den ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar