Eg merker at eg heng meg veldig opp i detaljer. Denne veka har eg brukt mykje tid på å få til detaljer i modellen for å vera heilt nøgd før import i 3DsMax.
Eg fann ut at utestova ikkje vart rett i forhold til himmelretningane, så eg gjorde litt om på forma før eg la til trapp og platt.
 |
| Laga trapp opp til utestova |
Garasjen har fått påkjøringsrampe til parkering oppå:
 |
| Eg har òg modellert ein liten trapp på nordsida av huset |
 |
| Muren ned mot vegen er på plass |
Litt fleire detaljer som måtte på plass:
Til slutt sette eg inn litt utemøbler til visualiseringa.
Då eg fekk importert modellen i 3ds Max fekk eg ein del problem. Alle materiala som skal følge programmet var vekke. Eg prøvde å avinstallera og reinstallera uten resultat, og endte opp med å måtte avistnallera og fjerna alt av Autodesk-filer på maskina før eg installerte 3ds Max igjen. Då fekk eg endeleg med materialbiblioteket slik det skulle.
Eg starta med å bruke material som ligg i biblioteket før eg søkte litt på nett etter det eg mangla: