Sider

Søk i denne bloggen

torsdag 17. mars 2016

Første innlevering - SketchUp-modell

Studiet er rett på sak, og allereie fyrste innlevering er å laga ein modell i SketchUp.
Eg bestemte meg for å laga ein modell av leiligheta.


Det fyrste eg laga var ei planteikning der eg merka av kor dører og vindauge skal plasserast. Dei einaste glasa eg ikkje har lagt inn er dei i den innglassa balkongen.


 Vidare trekte eg opp veggane og fekk på plass vindauge og dører. Vindauga og verandadøra har eg laga sjølv med verktøya i SketchUp, og dørene har eg henta inn frå 3D Warehouse.

Altandøra og soveromsvindauga

Sidan eg fekk det litt travelt med denne oppgåva valgte eg å hente inn møblene frå 3D Warehouse. Det einaste eg har laga til sjølv er kjøkkenbenken. Det var litt knotete å finne ut av korleis eg kunne bruke dei ulike elementa, spesielt når kjøkkenskapa kom inn som ein heil blokk. Men litt prøving og feiling (og erfaring frå andre program) fekk eg det til. Det er ikkje alle settpunkta som er like lette å få tak i når veggar og andre møblar er i vegen, men med tolmod gjekk det til slutt.




Alle skapa kom i modellen som ein blokk.

Eg merkar at erfaringa frå programma eg bruker på jobb gjorde det lett å setje seg inn i navigeringa i SketchUp. På jobb er eg vane med å bruke scroll-hjulet på musa aktivt for navigering, og heldigvis er det på same måte her. Det er ikkje alle funksjonane som er sjølvforklarande for meg, men det kan ha med at eg ikkje er vane med å jobbe med 3D. Før eg byrja modelleringa såg eg gjennom tutorial-videoane til SketchUp på Youtube, noko som hjalp meg godt igang.

Kva er eigentleg DAK?

Enkel plan og fasadeteikning eg laga for ei bekjent.

DAK står for dataassistert konstruksjon, eller på engelsk: Computer aided design (CAD). Det er eit uttrykk for all teknisk teikning og konstruksjon som er utført ved hjelp av datamaskinbaserte program eller reiskap. Ingeniørar, arkitektar og andre typar designere innan ulike industriar og fag er brukarar av desse programma.

Som med mykje anna er det eit hav av program å velge i.
Ved 2D teikning er Bentley MicroStation mykje brukt i oljebransjen i Norge, men òg Autodesk AutoCAD utrbeidd. For 3D-modellering er Aveva PDMS og SolidWorks mykje brukte program.


MicroStation er det programmet eg bruker i jobben min.

Innanfor byggebransjen vert det stadig meir bruk av BIM.
BIM står for bygningsinformasjonsmodellering og består av digitale modeller av bygg. Kvart fagområde (bygg, elektro, VVS, rør osv.) har sin modell, men desse kan òg kombinerast i ein tverrfagleg BIM.



Det er mykje ein kan bruke 3D-modellering til, som for eksempel då me laga ei pepperkakeversjon av Aasta Hansteen til den lokale pepperkakebyen. (Designer er Terje Isaksen)

















Slik vart resultatet. Alt utanom innsida av sparen kan etast.

Kjelder:
https://no.wikipedia.org/wiki/Dataassistert_konstruksjon
https://no.wikipedia.org/wiki/Bygningsinformasjonsmodellering


onsdag 16. mars 2016

Studiestart



Allereie første veka fekk eg kjenne på presset med å vera deltidsstudent ved sidan av full jobb.
Sidan eg jobbar på dagtid er eg nøydd å gjere unna alt studieretta arbeid på kvelder og i helger. Det var ikkje så lett då eg møtte svært korte tidsfrister og overtidsarbeid på jobb, og fredag til søndag var sett av til konferanse med fagoreninga (FLT).
Men erfaringa mi seier at eg jobbar best under press, og eg er allereie godt i gang med oppgåvene, så dei neste dagane vert det posta fleire innlegg her på bloggen.
Det er godt å vera i gang!