Sider

Søk i denne bloggen

søndag 29. januar 2017

CADHP1 - Starten

Det var førstevalget mitt som vart oppgåva:


Som venta er eg allereie skeivt ute i forhold til plan, kvardagen innhenta meg og eg kom ikkje i gang før tre dagar etter oprinneleg planlagt

For å få ein "mjuk" start valde eg å begynne å modellere møblene i stadenfor sjølve standen.

For stolane og borda har eg kopiert fotbasen og røyret slik at det er likt, berre ulik høgd på røyret.
Her har eg brukt både circle, box og polysolid for å modellere dei ulike delene. Fillet edge er brukt for å lage dei bua delene.


 Resepsjonsdisken var det litt meir arbeid å få til. Først laga eg ein vinkel med polysolid og laga avrunda hjørne på den. Deretter laga eg fleire boksar og brukte subtract for å lage opningane som skulle vera.

Fått på glassplatene og festa.


I morgon vil eg prøve å få ferdig dei andre lause elementa.


onsdag 25. januar 2017

CADHP1 - Eksamen!

Så er første eksamen komme, det er på tide å vise kva me har lært i AutoCAD, 3ds Max og Photoshop.
Oppgåva går ut på å modellere ei messestand me har funne bilde av på nett, men me får ikkje velge den sjølv. Me skal velge ut tre forskjellige stands som me kunne tenke oss å modellere, gjerne med ulik vanskelighetsgrad, også skal lærarane bestemme kva for ei me skal lage til eksamen.

Eit google-søk på messestands gjer deg enormt mange resultat. Eit problem er at mange av bileta som kjem opp er av 3D-modellar og ikkje fysiske stands. Det var ikkje noko absolutt krav, men me skulle helst velge ut bilete og ikkje modellar.

Den første standen eg gjekk for var denne:


Det som fanga meg ved denne standen er nok bakgrunnen min i oljeservicebransjen. Det er ei stor messestand med mange element og detaljer som nok vil ta lang tid å lage. Møblementet og platået med trappa vil nok gå greit, men alle dei små elementa (som rigg-modellen i glassmonteret) vil nok bli ei utfordring. Lyssetjinga kan bli vanskeleg, det er mange element som vil få sjølvlysande eigenskaper, det er noko eg ikkje fekk til i leksjonsoppgåvene i CAVm1.

Stand nr to:


Dette er ei relativt enkel messestand. Det eg likte ved den var bruken av naturlege material. Her er jo ikkje så mange element å ta av, men eg trur likevel den vil gje litt utfordring. 

Siste forslag:


Denne standen valgte eg fordi eg liker dei rette linjene. Her er mange element som går igjen fleire gonger, så det vil gjere modelleringa relativt enkel, når ein stol er modellert er det berre å kopiere og plassere dei andre. Det som vil bli utfordringa er «persiennene» på enden, å få dei til å sjå riktige ut. Lyssetting vil nok òg ta mykje tid, spesielt å få til lyslista på golvet.

Ein arbeidsplan måtte òg utarbeidast.
Erfaring tilseier at det vil bli endring i planen, forskyving av nokre aktiviteter, men det er eit got utgangspunkt for å starte.


Då er det berre å vente på tilbakemelding om kva stand eg skal modellere.



fredag 20. januar 2017

CAVm2 - moduloppgåve

Her skulle me fortsetje på huset me byrja på i CAVm1, legge til meir material og terreng før redering.
Entourage skulle leggast på på to måtar; i Photoshop på det første renderbilete og i 3ds Max.

Jobben fram mot første renderbilde gjekk for så vidt greit. Eg fekk ikkje gress-materialet tydeleg på terrenget, samme kor mykje eg prøvde.

Huset har fått betong-material på ytterveggene. Flisene er frå eit bilde eg ordna tidleg i modulen.

Inn i AutoCAD for å lage splines til terreng.

Terreng laga og materialet tileigna, men det vil ikkje vise riktig.

Bitmapen på muren var litt meir samarbeidsvillig.

Eg ombestemte meg med fargen på huset og la til ein bitmap av betong som eg gjorde saumlaur heilt i byrjinga av modulen. Hellene på uteplassen har eg og henta derfrå.

Så flott det kunne blitt, hadde eg berre fått vekk lysa inne. Etter litt knoting og litt googling fann eg ut av det.


Fått opp daylight system og litt skuggar.
Renderbilde klar til å legge på entourage i Photoshop.
Renderbilde med entourage i Max. Lyset forsvann heilt når eg la inn bakrunnen,
Entourage i Photoshop
Renderbilde av innescenen frå forrige oppgåve.

Fiksa i Photoshop, litt varmare fargar.



Av dei to metodene å legge til entourage på må eg sei eg liker Photoshop best. Problemet var at sjølv om eg fulgte forklaringene til punkt og prikke ville ikkje Photoshop gjere som det skulle ved oppretting av alpha mask. Det førte til at bilda heller ikkje oppførte seg rett i 3ds Max. Cutout-metoden fungerte bedre, men først forsvann dei på renderbilete. Kva eg gjorde dagen etter for å få det til å fungere anar eg ikkje, men virka gjorde det.
 Denne delen av oppgåva to fryktelig lang tid og fekk fram mykje frustrasjon.

Dei fleste materiala gjekk fint å legge inn, bortsett frå graset som bileta viser. Eg trur rett og slett terrenget vart for stort til å vise detaljene i "flisene" med bilder.

Til slutt ein liten videosnutt:


onsdag 18. januar 2017

CAVm2 - oppgåvedag 1 og 2

Som førebuing til moduloppgåva fekk me to oppgvedagar der me skulle prøve ut litt ulike ting.
Dag 1 var oppgåva å gå ut med kamera og ta bilde av gress, panel, murstein, asfalt osv for å laga til material til modellen me skal levera. Med mørketid og snø vart ikkje det så lett her i Tromsø, så eg benytta meg av mappa dei hadde lagt tilgjengelig og jobba litt med å gjere dei materiala saumlause i staden:

Slik såg gress-teksturen ut ved nedlasting.

Her har eg utjevna fargen i bildet slik at "flisene" ikkje synes.
Lys kledning som ligg skeivt. Ved tiling i 3dsmax vil det bli veldig tydeilg kor skiljet går.
Her har eg retta bildet og fjerna kvistene som stadig var gjentatt.


Dag to skulle me prøve oss på å legge til material til ein modell av eit hus, og ordne ein god vinkel for renderbilde som me skulle jobba vidare med i Photoshop.

Her er huset eg valde. Eg har lagt på material, sett opp daylight scene og funne kameravinkel eg vil rendre fra.


Graset la eg som ein bitmap på ein plane før rendering.

Så var det å legge til bakgrunn, folk og plantar i Photoshop.

Her er det ferdige resultatet.

Det var kjekt å jobbe med entourage i Photoshop. Litt knot å få til skuggene, men det kom til slutt.
Eg greidde å gjere den tabben at eg samla laga og lagra bildet før eg fekk lagt på skugge på plantene. Jaja, då fekk eg med meg iallefall ei lærepenge; lagre alltid ein kopi!
Ellers ville eg om eg hadde hatt meir tid jobba med å få huset meir realistisk og jamne fargene på plantene slik at dei passa litt betre inn. Hekken har for eksempel litt feil lys med skugge i front.