Sider

Søk i denne bloggen

onsdag 18. januar 2017

CAVm2 - oppgåvedag 1 og 2

Som førebuing til moduloppgåva fekk me to oppgvedagar der me skulle prøve ut litt ulike ting.
Dag 1 var oppgåva å gå ut med kamera og ta bilde av gress, panel, murstein, asfalt osv for å laga til material til modellen me skal levera. Med mørketid og snø vart ikkje det så lett her i Tromsø, så eg benytta meg av mappa dei hadde lagt tilgjengelig og jobba litt med å gjere dei materiala saumlause i staden:

Slik såg gress-teksturen ut ved nedlasting.

Her har eg utjevna fargen i bildet slik at "flisene" ikkje synes.
Lys kledning som ligg skeivt. Ved tiling i 3dsmax vil det bli veldig tydeilg kor skiljet går.
Her har eg retta bildet og fjerna kvistene som stadig var gjentatt.


Dag to skulle me prøve oss på å legge til material til ein modell av eit hus, og ordne ein god vinkel for renderbilde som me skulle jobba vidare med i Photoshop.

Her er huset eg valde. Eg har lagt på material, sett opp daylight scene og funne kameravinkel eg vil rendre fra.


Graset la eg som ein bitmap på ein plane før rendering.

Så var det å legge til bakgrunn, folk og plantar i Photoshop.

Her er det ferdige resultatet.

Det var kjekt å jobbe med entourage i Photoshop. Litt knot å få til skuggene, men det kom til slutt.
Eg greidde å gjere den tabben at eg samla laga og lagra bildet før eg fekk lagt på skugge på plantene. Jaja, då fekk eg med meg iallefall ei lærepenge; lagre alltid ein kopi!
Ellers ville eg om eg hadde hatt meir tid jobba med å få huset meir realistisk og jamne fargene på plantene slik at dei passa litt betre inn. Hekken har for eksempel litt feil lys med skugge i front.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar