Me skulle bruke bygget frå CAS, så eg starta med litt småflikk og møblering i Revit før eg importerte fila i 3Ds Max.
| Eg starta med å legge til rekkverk og søyle på altanen, òg laga subregion til veg |
| Alle romma vart møblert |
I Max jobba jobba eg nøye med å tileigne materiale til alt, importerte lamper og gav dei lyskjelder før eg las skikkelig gjennom oppgåva igjen og såg at det var berre eitt ellet to rom som skulle møblerast, ikkje heile bygget. Jaja, då fekk eg ialleffall øvd på det. ;)
Jobba ein del med lyssettinga før eg fekk til skikkelig rendering. Som bakgrunn brukte eg den som låg til nedlasting i leksjonene.
Eg brukte litt tid på testing for å få til render eg vart nøgd med.
Til slutt synes eg resultata vart bra
![]() |
| Bakgunnen vart rendra ut, men den kjem ikkje med når eg legg ut biletet her. |
![]() |
| Bakgunnen vart rendra ut, men den kjem ikkje med når eg legg ut biletet her. |
Pc-en min ville ikkje la meg rendre animasjon i .mov-format. Den gav ingen svar på kvifor, men denne meldinga kom opp kvar gong eg prøvde:
Til slutt vart det for lite tid til å rendre animasjonen, så løysinga vart nok ein gong preview.
Eg brukte mykje meir tid enn planlagt i denne oppgåva fordi eg ikkje las teksten skikkelig og endte med å legge ned meir arbeid enn nødvendig.




