Eg bestemte meg for å laga ein modell av leiligheta.
Det fyrste eg laga var ei planteikning der eg merka av kor dører og vindauge skal plasserast. Dei einaste glasa eg ikkje har lagt inn er dei i den innglassa balkongen.
Vidare trekte eg opp veggane og fekk på plass vindauge og dører. Vindauga og verandadøra har eg laga sjølv med verktøya i SketchUp, og dørene har eg henta inn frå 3D Warehouse.
![]() | |
| Altandøra og soveromsvindauga |
Sidan eg fekk det litt travelt med denne oppgåva valgte eg å hente inn møblene frå 3D Warehouse. Det einaste eg har laga til sjølv er kjøkkenbenken. Det var litt knotete å finne ut av korleis eg kunne bruke dei ulike elementa, spesielt når kjøkkenskapa kom inn som ein heil blokk. Men litt prøving og feiling (og erfaring frå andre program) fekk eg det til. Det er ikkje alle settpunkta som er like lette å få tak i når veggar og andre møblar er i vegen, men med tolmod gjekk det til slutt.
![]() |
| Alle skapa kom i modellen som ein blokk. |
Eg merkar at erfaringa frå programma eg bruker på jobb gjorde det lett å setje seg inn i navigeringa i SketchUp. På jobb er eg vane med å bruke scroll-hjulet på musa aktivt for navigering, og heldigvis er det på same måte her. Det er ikkje alle funksjonane som er sjølvforklarande for meg, men det kan ha med at eg ikkje er vane med å jobbe med 3D. Før eg byrja modelleringa såg eg gjennom tutorial-videoane til SketchUp på Youtube, noko som hjalp meg godt igang.







