Sider

Søk i denne bloggen

mandag 29. januar 2018

CADHP2 - Veke 3

Eg starta veka med å gjere ferdig modellen av huset.
Endeleg fann eg ut korleis eg skulle få til taket riktig; Roof by extrusion:


Laga cutout der utstikka er.


 Nokre av veggene let seg ikkje knytte til taket. Det løyste eg med Edit Profile:



Litt fleire detaljar er på plass.

Endeleg fekk eg til trappene òg:


Eg bestemte meg for å gjera litt om på planen og laga til teikningane som vil  vera lik på begge modellene før eg kopierer modellen for å lage endringene i kjellaren:



Denne veka fekk eg heller ikkje gjort like mykje som planlagt. Det å ta eksamen ved sidan av full jobb er mykje tyngre enn ein skulle tru, og dagane strekk rett og slett ikkje til.
Sidan eg snudde litt om på rekkefølga er det litt vanskeleg å sei nøyaktig korleis eg ligg an i forhold til plan og tid, men eg trur ikkje eg ligg så langt etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar