Sider

Søk i denne bloggen

fredag 3. mars 2017

CADHP1 - Innlevering

For ei veke sidan skjedde det som absolutt ikkje må skje når ein jobbar med ei oppgåve; Alt var vekke!
Eg hadde oppgåva på ei minnepenn for å gjere flyttinga mellom ulike pcer så enkel som mogeleg. Problemet var at eg ikkje òg hadde lagra ein backup på f.eks Google Disk. Då minnepennen forrige torsdag ikkje viste teikn til liv vart eg mildt sagt stressa.
Ein mail til lærarane oppklara at eg måtte berre begynne på nytt og prøve å produsere så mykje som mogeleg og levere det eg greidde. Som sagt, så gjort - den siste veka har eg jobba omtrent kvar ledige stund utanom jobb, og her er resultatet:




Som før eg mista alt begynte eg med å modellere møblene. Då tidspresset vart så stort som det vart tok eg meg rett og slett ikkje tid til å ta skjermbilete, så alt eg har å vise til no er renderbileta.

Vidare modellerte eg plattformen og fekk sett på boligmodulen og trosserene på den for layout.
Eg laga ein ny kopi der eg sette inn alle møblene også og fekk plassert dei nokonlunde som på bilete er modellerte ut frå.

Samanstillingsmodellen importerte eg til 3ds Max der eg begynte å tileigne den ulike material. Alle skjermer, bilete og led-lys fekk sjølvlysande material på seg. Av ein eller annan grunn får eg ikkje til å legge på bilete på sjølvlysande material. Eg sleit med dette tidlegare i studiet òg, og har ikkje funne ut av det. Løysinga no vart å legge bileta til i Photoshop etter rendering. På presentasjonsbilete gløymte eg rett og slett å legge til "modellen" i glassmonteret.

Bileta eg har brukt er henta frå GMS si nettside og ved eit bilde-søk på "Gulf Marine Services"-bilder.

Eg sette òg nokre lyskilde over standen for å etterlikne lys ein ofte finn i ei messehall. Desse er frittståande lyspunkt som ikkje er tilknytt nokre lampar eller liknande. Igjen var det tida som førte til denne løysinga.

Eg brukte ein del tid å å finne rette renderinnstillingar. Dei er ikkje perfekte, men gode nok i dette tilfellet.



Animasjonen sette eg på rendering over natta (estimert tid var 4t 30min), men like før den var ferdig låste 3ds Max seg og eg mista alt. Difor vart animasjonen min preview i stadenfor ein god render-animasjon.

Hadde eg hatt betre tid ville eg nok fått til lyssetjnga betre, og greidd å gjengje materiala og strukturane tydlegare i renderbileta. Eg ville ?og hatt med mykje fleire detaljar og lagt meir tid i etterbehandlinga av bileta. Med tanke på utgangspunktet mitt er eg uansett nøgd med resultatet. No håpar eg berre det står til godkjenning. :)

Tidsbruk på heile oppgåva: 48 t

Ein liten filmsnutt:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar