Sider

Søk i denne bloggen

søndag 11. juni 2017

CAVm3

Siste modul før sommarferien!
Denne gang er det til bake til 3dsMax og animering.

I oppgåva skal me bruke messestanden me modellerte til CADHP1, og importere alle andre småting me har laga til no.

Dag 1
Det første eg tok tak i med modellen min var lyssetjinga. Den var ikkje god nok i semesteroppgåva, og skulle det bli OK kvalitet på animasjonen måtte eg endre på den.
Eg tok òg ei opprydning i hirearkiet for å gjere animeringa lettare.


Så var det å leite fram alt eg har laga gjennom kurset. Sidan eg har jobba på tre ulike pcar, der ein har blitt formattert, var det lettare sagt enn gjort. .

Dag 2
Det var ikkje så mykje eg fann som var brukande, men litt er betre enn ingenting.
Så var det å få importert og skalert alt:


Fleire av objekta mangla material og vart heilt svarte når dei vart importert.


Eg endra òg litt på materiala eg hadde lagt på messestanden sidan eg ikkje var heilt nøgd med dei.

Stemningsbilde
Dag 3

Eg prøvde å setje bilete av det eg har gjort tidlegare i kurset som material på skjermane, men det fekk eg ikkje til. uansett kor mykje eg prøvde ville ikkje biletet visast. Så då vart løysinga å ha svarte skjermar.

Animeringa gjekk egentlig ganske lett. Eg Starta med å setje ein key på siste frame der heile modellen var samansatt, for så å flytte meg til fyrste frame og flytte alt ut av biletet.




På Graph editor flytta eg på dei ulike linjene slik at tinga kjem inn i animasjonen på ulik tid.



Så var det å lage ein preview, men det gjekk ikkje heilt etter planen. uansett korleis eg endra på innstillingane vart den sjåande slik ut:


Rendering var ingen leik, på 50 minutter hadde eg fått ut ein film eg vart sånn tåle nøgd med:


mandag 8. mai 2017

CAMm2

Oppgåva i denne modulen byggjer vidare på espressokanna frå forrige modul.
Eg tjuvstarta litt og samanstilla kanna med skruer og mutrer allereie i forrige modul, men eg hadde valgt feil type skruer.

I første omgang måtte eg gjere litt endringer på dei ulike delene for å få dei rett i forhold til den nye malen.

Underdelen måtte hules ut
Filterhus
Litt justeringer på kannen òg
Filter med alle hulla
Etter alle justeringer var det å ordne alle constraints i sammenstillinga for at ingen deler skulle vera bevegelege. Dette var noko eg sleit med i forrige modul, skruene og over- og underdel ville ikkje låsast i posisjon. Men etter litt styr fann eg ein fin teknikk.

Oppdatert sammenstilling. Handtaket har òg fått litt forandring.
Samanstillinga er dratt fra kvarandre for å lage animasjon





Alle delene vart samanstilt i ei teiknefil med den ekspolderte samanstillinga og stykkliste på første sida.




Sjølv om det er enno nokre ting eg ikkje får til er eg framleis veldig begeistra over Inventor! :)

søndag 2. april 2017

CAMm1 - Nytt semester

Eksamen er overstått, og eg er strålande nøgd med resultatet, med tanke på at alt vart gjort på ei veke.

No er me i gang med siste semester, og sjølvsagt òg ny programvare.
CAMm1 Gjer oss innføring i Inventor, eit 3D-program eg vart veldig glad i med ein gang. Det gjer meg modelleringsmuligheter (og -friheter) som eg ikkje fann i AutoCAD, det er rett og slett lettare å modellere i.

Oppgåva i denne første modulen var å modelere ei espressokanne ut frå ei visningsfil me kunne målsetje:

Eg starta med underdelen:



Sjølve kanna vart det litt styr med, tuten streva eg mykje med å få til rett - før eg gav og og såg på "fasiten" som var lagt ved oppgåva. Eg fekk iallefall prøvd meg på å setje Workface i mange ulike retningar.



Handtaket var ei utfordring med det at målsetjingsfunksjonen i Design Review ofte lever sitt eige liv. Det er ikkje alltid like lett å få tak i dei punkta ein vil målsetje frå, og om ein endeleg gjer det viser den ei heilt anna måleretning enn du håpa på. Etter litt knot fekk eg no til slutt dei måla eg følte eg trengte for å modellere den til å sjå lik ut.


Dekselet og "knotten" til dekselet gjekk fort å lage.



Så var det samanstillinga. Her skal alt setjast fully constrained slik at dei ikkje kan flyttast rundtom. Det var enkelt med alle delane utanom mutrene og skivene.


 Eg likte godt å jobbe i Inventor. Det er eklare å bruke enn 3D-funksjonen i Autocad, og det gjer nok mange fleire mogelegheter òg.


fredag 3. mars 2017

CADHP1 - Innlevering

For ei veke sidan skjedde det som absolutt ikkje må skje når ein jobbar med ei oppgåve; Alt var vekke!
Eg hadde oppgåva på ei minnepenn for å gjere flyttinga mellom ulike pcer så enkel som mogeleg. Problemet var at eg ikkje òg hadde lagra ein backup på f.eks Google Disk. Då minnepennen forrige torsdag ikkje viste teikn til liv vart eg mildt sagt stressa.
Ein mail til lærarane oppklara at eg måtte berre begynne på nytt og prøve å produsere så mykje som mogeleg og levere det eg greidde. Som sagt, så gjort - den siste veka har eg jobba omtrent kvar ledige stund utanom jobb, og her er resultatet:




Som før eg mista alt begynte eg med å modellere møblene. Då tidspresset vart så stort som det vart tok eg meg rett og slett ikkje tid til å ta skjermbilete, så alt eg har å vise til no er renderbileta.

Vidare modellerte eg plattformen og fekk sett på boligmodulen og trosserene på den for layout.
Eg laga ein ny kopi der eg sette inn alle møblene også og fekk plassert dei nokonlunde som på bilete er modellerte ut frå.

Samanstillingsmodellen importerte eg til 3ds Max der eg begynte å tileigne den ulike material. Alle skjermer, bilete og led-lys fekk sjølvlysande material på seg. Av ein eller annan grunn får eg ikkje til å legge på bilete på sjølvlysande material. Eg sleit med dette tidlegare i studiet òg, og har ikkje funne ut av det. Løysinga no vart å legge bileta til i Photoshop etter rendering. På presentasjonsbilete gløymte eg rett og slett å legge til "modellen" i glassmonteret.

Bileta eg har brukt er henta frå GMS si nettside og ved eit bilde-søk på "Gulf Marine Services"-bilder.

Eg sette òg nokre lyskilde over standen for å etterlikne lys ein ofte finn i ei messehall. Desse er frittståande lyspunkt som ikkje er tilknytt nokre lampar eller liknande. Igjen var det tida som førte til denne løysinga.

Eg brukte ein del tid å å finne rette renderinnstillingar. Dei er ikkje perfekte, men gode nok i dette tilfellet.



Animasjonen sette eg på rendering over natta (estimert tid var 4t 30min), men like før den var ferdig låste 3ds Max seg og eg mista alt. Difor vart animasjonen min preview i stadenfor ein god render-animasjon.

Hadde eg hatt betre tid ville eg nok fått til lyssetjnga betre, og greidd å gjengje materiala og strukturane tydlegare i renderbileta. Eg ville ?og hatt med mykje fleire detaljar og lagt meir tid i etterbehandlinga av bileta. Med tanke på utgangspunktet mitt er eg uansett nøgd med resultatet. No håpar eg berre det står til godkjenning. :)

Tidsbruk på heile oppgåva: 48 t

Ein liten filmsnutt:


torsdag 9. februar 2017

CADHP1 - Oppdatering

Kvardagen kom - som venta - og tok meg, og det har gått altfor lang tid utan at eg har fått jobba med eksamen i det heile. Forhåpentligvis roer det seg over helga slik at eg får arbeidd meir effektivt framover.

I dag har eg gjort ferdig nokre detaljer på resepjonsdisken, modellert TVen og infoskjermen, og begynt å modellere plattforma.





Eg har òg klargjort bildet av messestanden med referanselinjer slik at det skal bli lettare å få alt rett i modellen.

søndag 29. januar 2017

CADHP1 - Starten

Det var førstevalget mitt som vart oppgåva:


Som venta er eg allereie skeivt ute i forhold til plan, kvardagen innhenta meg og eg kom ikkje i gang før tre dagar etter oprinneleg planlagt

For å få ein "mjuk" start valde eg å begynne å modellere møblene i stadenfor sjølve standen.

For stolane og borda har eg kopiert fotbasen og røyret slik at det er likt, berre ulik høgd på røyret.
Her har eg brukt både circle, box og polysolid for å modellere dei ulike delene. Fillet edge er brukt for å lage dei bua delene.


 Resepsjonsdisken var det litt meir arbeid å få til. Først laga eg ein vinkel med polysolid og laga avrunda hjørne på den. Deretter laga eg fleire boksar og brukte subtract for å lage opningane som skulle vera.

Fått på glassplatene og festa.


I morgon vil eg prøve å få ferdig dei andre lause elementa.


onsdag 25. januar 2017

CADHP1 - Eksamen!

Så er første eksamen komme, det er på tide å vise kva me har lært i AutoCAD, 3ds Max og Photoshop.
Oppgåva går ut på å modellere ei messestand me har funne bilde av på nett, men me får ikkje velge den sjølv. Me skal velge ut tre forskjellige stands som me kunne tenke oss å modellere, gjerne med ulik vanskelighetsgrad, også skal lærarane bestemme kva for ei me skal lage til eksamen.

Eit google-søk på messestands gjer deg enormt mange resultat. Eit problem er at mange av bileta som kjem opp er av 3D-modellar og ikkje fysiske stands. Det var ikkje noko absolutt krav, men me skulle helst velge ut bilete og ikkje modellar.

Den første standen eg gjekk for var denne:


Det som fanga meg ved denne standen er nok bakgrunnen min i oljeservicebransjen. Det er ei stor messestand med mange element og detaljer som nok vil ta lang tid å lage. Møblementet og platået med trappa vil nok gå greit, men alle dei små elementa (som rigg-modellen i glassmonteret) vil nok bli ei utfordring. Lyssetjinga kan bli vanskeleg, det er mange element som vil få sjølvlysande eigenskaper, det er noko eg ikkje fekk til i leksjonsoppgåvene i CAVm1.

Stand nr to:


Dette er ei relativt enkel messestand. Det eg likte ved den var bruken av naturlege material. Her er jo ikkje så mange element å ta av, men eg trur likevel den vil gje litt utfordring. 

Siste forslag:


Denne standen valgte eg fordi eg liker dei rette linjene. Her er mange element som går igjen fleire gonger, så det vil gjere modelleringa relativt enkel, når ein stol er modellert er det berre å kopiere og plassere dei andre. Det som vil bli utfordringa er «persiennene» på enden, å få dei til å sjå riktige ut. Lyssetting vil nok òg ta mykje tid, spesielt å få til lyslista på golvet.

Ein arbeidsplan måtte òg utarbeidast.
Erfaring tilseier at det vil bli endring i planen, forskyving av nokre aktiviteter, men det er eit got utgangspunkt for å starte.


Då er det berre å vente på tilbakemelding om kva stand eg skal modellere.