Sider

Søk i denne bloggen

søndag 11. juni 2017

CAVm3

Siste modul før sommarferien!
Denne gang er det til bake til 3dsMax og animering.

I oppgåva skal me bruke messestanden me modellerte til CADHP1, og importere alle andre småting me har laga til no.

Dag 1
Det første eg tok tak i med modellen min var lyssetjinga. Den var ikkje god nok i semesteroppgåva, og skulle det bli OK kvalitet på animasjonen måtte eg endre på den.
Eg tok òg ei opprydning i hirearkiet for å gjere animeringa lettare.


Så var det å leite fram alt eg har laga gjennom kurset. Sidan eg har jobba på tre ulike pcar, der ein har blitt formattert, var det lettare sagt enn gjort. .

Dag 2
Det var ikkje så mykje eg fann som var brukande, men litt er betre enn ingenting.
Så var det å få importert og skalert alt:


Fleire av objekta mangla material og vart heilt svarte når dei vart importert.


Eg endra òg litt på materiala eg hadde lagt på messestanden sidan eg ikkje var heilt nøgd med dei.

Stemningsbilde
Dag 3

Eg prøvde å setje bilete av det eg har gjort tidlegare i kurset som material på skjermane, men det fekk eg ikkje til. uansett kor mykje eg prøvde ville ikkje biletet visast. Så då vart løysinga å ha svarte skjermar.

Animeringa gjekk egentlig ganske lett. Eg Starta med å setje ein key på siste frame der heile modellen var samansatt, for så å flytte meg til fyrste frame og flytte alt ut av biletet.




På Graph editor flytta eg på dei ulike linjene slik at tinga kjem inn i animasjonen på ulik tid.



Så var det å lage ein preview, men det gjekk ikkje heilt etter planen. uansett korleis eg endra på innstillingane vart den sjåande slik ut:


Rendering var ingen leik, på 50 minutter hadde eg fått ut ein film eg vart sånn tåle nøgd med:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar