Sider

Søk i denne bloggen

mandag 19. februar 2018

CADHP2 - Veke 6

Eg merker at eg heng meg veldig opp i detaljer. Denne veka har eg brukt mykje tid på å få til detaljer i modellen for å vera heilt nøgd før import i 3DsMax.

Eg fann ut at utestova ikkje vart rett i forhold til himmelretningane, så eg gjorde litt om på forma før eg la til trapp og platt.


Laga trapp opp til utestova

Garasjen har fått påkjøringsrampe til parkering oppå:


Eg har òg modellert ein liten trapp på nordsida av huset


Muren ned mot vegen er på plass

Litt fleire detaljer som måtte på plass:



Til slutt sette eg inn litt utemøbler til visualiseringa.


Då eg fekk importert modellen i 3ds Max fekk eg ein del problem. Alle materiala som skal følge programmet var vekke. Eg prøvde å avinstallera og reinstallera uten resultat, og endte opp med å måtte avistnallera og fjerna alt av Autodesk-filer på maskina før eg installerte 3ds Max igjen. Då fekk eg endeleg med materialbiblioteket slik det skulle.
Eg starta med å bruke material som ligg i biblioteket før eg søkte litt på nett etter det eg mangla:




søndag 11. februar 2018

CADHP2 - Veke 5

Denne veka har vore veldig travel, og eg har ikkje fått jobba på langt nær så mykje som eg ville. No håpar eg at klargjeringa i 3DsMax skal gå smertefritt slik at eg kjem raskt i gang med render.

Eg har fortsett med endringane på huset, dører og vindu har blitt (nokonlune) slik dei skal vera:



Site er på plass:




Garasje og utestove er nesten klare:



Det gjenstår no berre små detaljar før eg er klar for import i 3DsMax.

søndag 4. februar 2018

CADHP2 - Veke 4

Etter litt meir arbeid med teikningane for original-huset fekk eg endeleg starta på modellen med endringar.
Eg ligg enno bak skjema, dette er i hovedsak på grunn av detaljarbeid eg ikkje hadde føresett.

Fasaden på kjellaren og alle vindauge og dører er endra:



Ny rominndeling i kjellaren.

I 1. etasje er nokre vegger fjerna, og trappa til inngangsdøra er endra til slik den er i dag.

Endring på rominndeling i 2. etasje òg. Her gjenstår enno arbeid med veggene og takvindauga.
Kjellerdøra må eg òg endre på.


Det er litt småting som gjenstår før eg er nøgd med modellen. Når den er klar begynner eg med site.

mandag 29. januar 2018

CADHP2 - Veke 3

Eg starta veka med å gjere ferdig modellen av huset.
Endeleg fann eg ut korleis eg skulle få til taket riktig; Roof by extrusion:


Laga cutout der utstikka er.


 Nokre av veggene let seg ikkje knytte til taket. Det løyste eg med Edit Profile:



Litt fleire detaljar er på plass.

Endeleg fekk eg til trappene òg:


Eg bestemte meg for å gjera litt om på planen og laga til teikningane som vil  vera lik på begge modellene før eg kopierer modellen for å lage endringene i kjellaren:



Denne veka fekk eg heller ikkje gjort like mykje som planlagt. Det å ta eksamen ved sidan av full jobb er mykje tyngre enn ein skulle tru, og dagane strekk rett og slett ikkje til.
Sidan eg snudde litt om på rekkefølga er det litt vanskeleg å sei nøyaktig korleis eg ligg an i forhold til plan og tid, men eg trur ikkje eg ligg så langt etter.

mandag 22. januar 2018

CADHP2 - Veke 2

Eg fekk ikkje godkjent planen min, så denne veka starta med å endre litt på den.
Eg skal lage to modellar i Revit, ein som viser bygget slik det var originalt, og ein som viser endringene i kjellaren. Det er den siste modellen eg skal bruke sammen med garasje og utestove for å visualisere.

Vidare har eg fått lagt til vegger i 1. og 2. etasje:



Dører og vindu har komme på plass:

Eg måtte endre litt på døra eg fann i biblioteket for å få den til å sjå rett ut. Her har eg lagt til sprosser.

Denne døra laga eg sjølv ut frå døra over..


Vindauga er henta frå biblioteket


Taket var litt tricky, men eg fekk det på plass til slutt:



På grunn av uforutsette hendingar har eg ikkje komme så langt som planen tilseier. Det gjenstår å få profilen på taket rett, og eg har ikkje fått på plass trappar innvendig.
Eg er likevel ikkje bekymra, eg vil nok hente meg inn att i løpet av veka.

torsdag 18. januar 2018

CADHP2 - Veke 1

Som sagt i førre innlegg starta eg denne veka med å planlegge.
Under følger prosessen vidare


 Eg starta med å setje opp modellen med floor plans og grid.


For å komme i gang med modelleringa sette eg opp fundament og laga vegger til kjellaren.




Eg fekk delt opp romma med innervegger i kjellaren, og er klar for å begynne på 1. etasje.

tirsdag 9. januar 2018

CADHP2 - Planlegging

Avsluttande eksamen er i gong, og eg har fått tidlelt eit prosjekt frå Noroff som går på å modellere ein bustad som vart bygd på 90-talet. Det eg blitt gjort nokre endringar sidan den gong, og desse skal vera med i modellen. I tillegg skal eg modellere ein ny garasje og ei utestove. Alt skal plasserast på tomta og visualiserast.
Det eg har fått tilgang til er eigedomskart, scanna teikningar og bilete, desse skal eg bruke for å bygge opp modellen.

Eg har brukt to dagar på å planlegge arbeidet. Utan tida for å rendre bilete og animasjon kom eg fram til at eg må bruke omlag 100 timar på oppgåva. For å få gjort alt må eg arbeide litt kvar dag, samt jobbe effektivt i helgene.
Det kjem til å bli 8 intensive veker, men det vert kjekt å få vise evnene sine i eit reelt prosjekt.