Sider

Søk i denne bloggen

mandag 22. januar 2018

CADHP2 - Veke 2

Eg fekk ikkje godkjent planen min, så denne veka starta med å endre litt på den.
Eg skal lage to modellar i Revit, ein som viser bygget slik det var originalt, og ein som viser endringene i kjellaren. Det er den siste modellen eg skal bruke sammen med garasje og utestove for å visualisere.

Vidare har eg fått lagt til vegger i 1. og 2. etasje:



Dører og vindu har komme på plass:

Eg måtte endre litt på døra eg fann i biblioteket for å få den til å sjå rett ut. Her har eg lagt til sprosser.

Denne døra laga eg sjølv ut frå døra over..


Vindauga er henta frå biblioteket


Taket var litt tricky, men eg fekk det på plass til slutt:



På grunn av uforutsette hendingar har eg ikkje komme så langt som planen tilseier. Det gjenstår å få profilen på taket rett, og eg har ikkje fått på plass trappar innvendig.
Eg er likevel ikkje bekymra, eg vil nok hente meg inn att i løpet av veka.

torsdag 18. januar 2018

CADHP2 - Veke 1

Som sagt i førre innlegg starta eg denne veka med å planlegge.
Under følger prosessen vidare


 Eg starta med å setje opp modellen med floor plans og grid.


For å komme i gang med modelleringa sette eg opp fundament og laga vegger til kjellaren.




Eg fekk delt opp romma med innervegger i kjellaren, og er klar for å begynne på 1. etasje.

tirsdag 9. januar 2018

CADHP2 - Planlegging

Avsluttande eksamen er i gong, og eg har fått tidlelt eit prosjekt frå Noroff som går på å modellere ein bustad som vart bygd på 90-talet. Det eg blitt gjort nokre endringar sidan den gong, og desse skal vera med i modellen. I tillegg skal eg modellere ein ny garasje og ei utestove. Alt skal plasserast på tomta og visualiserast.
Det eg har fått tilgang til er eigedomskart, scanna teikningar og bilete, desse skal eg bruke for å bygge opp modellen.

Eg har brukt to dagar på å planlegge arbeidet. Utan tida for å rendre bilete og animasjon kom eg fram til at eg må bruke omlag 100 timar på oppgåva. For å få gjort alt må eg arbeide litt kvar dag, samt jobbe effektivt i helgene.
Det kjem til å bli 8 intensive veker, men det vert kjekt å få vise evnene sine i eit reelt prosjekt.



søndag 17. desember 2017

CAVm4 - Siste modul

Siste modul før eksamen er her, og no skal me bli god på rendering.

Me skulle bruke bygget frå CAS, så eg starta med litt småflikk og møblering i Revit før eg importerte fila i 3Ds Max.


Eg starta med å legge til rekkverk og søyle på altanen, òg laga subregion til veg
Alle romma vart møblert

I Max jobba jobba eg nøye med å tileigne materiale til alt, importerte lamper og gav dei lyskjelder før eg las skikkelig gjennom oppgåva igjen og såg at det var berre eitt ellet to rom som skulle møblerast, ikkje heile bygget. Jaja, då fekk eg ialleffall øvd på det. ;)



Jobba ein del med lyssettinga før eg fekk til skikkelig rendering. Som bakgrunn brukte eg den som låg til nedlasting i leksjonene.



 Eg brukte litt tid på testing for å få til render eg vart nøgd med.

Til slutt synes eg resultata vart bra
Bakgunnen vart rendra ut, men den kjem ikkje med når eg legg ut biletet her.

Bakgunnen vart rendra ut, men den kjem ikkje med når eg legg ut biletet her.

Pc-en min ville ikkje la meg rendre animasjon i .mov-format. Den gav ingen svar på kvifor, men denne meldinga kom opp kvar gong eg prøvde:


Til slutt vart det for lite tid til å rendre animasjonen, så løysinga vart nok ein gong preview.

Eg brukte mykje meir tid enn planlagt i denne oppgåva fordi eg ikkje las teksten skikkelig og endte med å legge ned meir arbeid enn nødvendig.


tirsdag 21. november 2017

CAS Samarbeidsoppgåve - Innlevering

Litt på overtid - på grunn av utanforståande årsaker - fekk me endelig levert i dag.
Simon har sydd saman ein presentasjonsvideo av oppgåva vår:




Det var artig å prøve seg på samarbeid med andre studentar, eg føler me har lært mykje av denne oppgåva.

torsdag 16. november 2017

CAS Sammarbeidsoppgave - Elektro og animasjon

Tanken var å prøve ut de flotte funksjonene som ligg under System i Revit. Eg skulle modellere det elektriske anlegget i eit av rekkehusa.
Tanken var nok god, men det viste seg fort å ikkje vera så enkelt. Det eg såg for meg skulle bli ein flott og oversliktlig elektrolayout vart eit rot av symbol som låg oppå kvarandre og som ikkje kom med pga tak og skap. Forsøket var iallefall gjort, og slik vart resultatet:


Ingen forskjell på brytar og stikk.
 
 Sjølv om det eg lasta inn var henta frå den norske mappa holdt det ikkje norsk standard på symboler.


Eg skulle òg rendre ei animasjon i 3Ds Max. Simon sette opp kamera og path for meg, så skulle maskina få stå og gå eit par dagar. Det skulle vise seg at det ville den ikkje. Etter alt frå 5 til 70 frames dukka denne feilmeldinga opp og alt låste seg.


Løysinga vart då å lage ein preview som desverre fekk forferdeleg dårleg kvalitet.


No gjenstår berre nokre småting før innlevering. :)

søndag 5. november 2017

CAS - samarbeidsoppgåve: Site

Rekkehus Buggelandskogen 47


I denne modulen skal me finna nokon å samarbeida med om ei valfri oppgåve, utført i valfrie program.
Då me er berre tre på same studieløp valde me å samarbeide alle tre.
Simon skal til å flytte inn i eit nytt rekkehus og hadde lyst å modellere det. Fordelen er at me har då eit godt teikningsunderlag å jobbe ut frå.

Me starta med å planlegge over Skype. Me kartla kva me skulle legge i oppgåva,  kva program me ville bruka og korleis me skulle fordele oppgåvene.
Heldigvis har me litt ulike styrker, så eg føler me fekk fordelt oppgåvene godt og vil få eit bra resultat til slutt.



Eg tok på meg å modellere site med tomteoppdeling, vegar og murer. Sidan simon fekk tilsendt situasjonskartet frå utbygger hadde eg eit veldig godt grunnlag til å setje i gang.



Eg starta meg å hente ned fila Inger har starta å modellere sjølve rekkehuset i. Då har eg alle referansepunkt rett i modellen. Situasjonskartet la eg inn i revit som eit underlag å teikne over.
Problemet var at revit vart forferdeleg treigt å jobbe i:


Berre eg skulle flytte modellen litt rundt måtte revit tenke seg om i 2 minutt. Løysinga vart då å heller lage kotelinjer, tomter og veger i AutoCad, for så å importere cad-fila til revit.


Deretter var det ikkje så vanskeleg å lage site. Eg la inn buildingpads på alle tomtene. Vegane prøvde eg å lage ved utvidelsespakken Site Designer. Det viste seg å vera vanskelegare enn antyda på autodesk sine sider. Å få lagt linjene i rett høgde var i seg sjølv ei utfordring, og alle kryss fekk eg feilmelding på. Løysinga vart heller å bruke subregion og gje den materialet asphalt.

Siste oppgåve i denne bolken var å plassere alle bygg i site. Eg tok utgangspunkt i Inger si ferdige modell av vårt bygg og linka inn site.fila eg hadde laga. det gjekk smertefritt å få inn alle modellene og integrere dei i hovedmodellen.
Litt arbeid til slutt for å få alle buildingpads til å passe med bygga Simon hadde laga, men til slutt vart det eit ok resultat:



Det var i utgangspunktet berekna 30 timar til å lage site og plassere alt i modellen, men eg endte opp med å bruke berre 15.