Det første eg sette i gang med var å rette opp i det eg fekk kommentarar på i forrige innlevering. Det var ein del vegger som ikkje var knytt til taket over, taket var ikkje skore til der skorseinen gjekk igjennom, og eit par andre ting.
Vidare begynte eg å definere rom og setje tag på dører og vindauge.
Eg laga til oppsettet for dei ulike sidene.
Og render
Etter alt var printa til dwf laga eg ein kopi av revit-fila for å gjere nokre endringar på måla på huset.
Det vart nokre feilmeldingar på veggarsom overlappa kvarandre, men ellers såg det ut til eg hadde gjort det meste rett under modelleringa.
Som tidlegare har eg bomma litt med planlegginga.
Enkelte oppgåve gjekk leikande lett og eg brukte mindre tid enn planlagt, medan andre igjen tok mykje meir tid enn eg hadde trudd.
Dette kjenner eg godt igjen frå arbeidslivet. Det er vanskeleg å forutsjå om ein møter på utfordringar som tek lenger tid å løyse, medan andre gonger kan det som ser ut som ein stor og vanskeleg jobb vise seg å vera enkel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar